Kvinner i samfunnsbedriftene - krediter Jill Johannessen - for nett.jpg
Bilde: Randi Flesland snakker til nettverket. (Foto: Jill Johannessen, KS Bedrift)
Nettverket «Kvinner i samfunnsbedriftene»

Kvinner må ta plassen dei fortener

Energi | Havn | Avfall | Andre bransjer | Brann og redning

- Eg har lært utruleg mykje av å tore å seie ja. Det sa Anne Hjort, brannsjef hjå Asker og Bærum Brannvesen IKS, då ho opna første samling i KS Bedrift sitt nettverk «Kvinner i samfunnsbedriftene» den 5. november.

Med 50 deltakarar var det stinn brakke på første samling av «Kvinner i samfunnsbedriftene» den 5. og 6. november. Frå lunsj til lunsj vart deltakarane inspirert av tolv innlegg om korleis mangfald styrker samfunnsbedriftene.

Brannsjefane Anne Hjort frå Asker og Bærum brannvesen IKS, og Laila Lien Østgård frå Valdres brann- og redningsteneste IKS, opna samlinga med å fortelje sine historier og gi oss status på korleis det står til i samfunnsbedriftene. Beredskap, brann og redning er ein bransje med låg kvinnedel.

- Du bør reflektere over kva du er god på, og spørje om hjelp til det du ikkje kan, råda Anne Hjort.

Seinare på dagen vart Randi Flesland, tidlegare direktør i Avinor og Forbrukerrådet, utfordra til å svare på korleis full likestilling vert oppnådd i samfunnet. Saman med Laila og Anne peiker Randi òg på at det er viktig å vere seg sjølv, og ikkje prøve å vere noko anna.

- Me må tore å framheve våre eigen kompetanse, tore å ta plass og tore å stå i det, uttrykte ho.

Neste samling er 14. til 15. januar, der tema er «Korleis ta steget opp og fram». På denne samlinga vert det større høve for deltakarane å bidra inn med eigne refleksjonar og erfaringar.